«Ei slik forteljing bør engasjere langt fleire enn folka i avkrokane i riksmålsrørsla,» skriver kulturhistoriker, folkemusiker og nynorskforkjemper Knut Aastad Bråten i denne omtalen av Trond Verneggs bok «En halvfull forsamling».
Dei som trur at riksmålsrørsla er ei døyande samtalegruppe for eldre karar med hatt og kalosjar, må tru om att. Eller dei kan lese Trond Vernegg si ferske bok. Fordommar står for fall.
Trond Vernegg er eit kjent namn for lesarane av dette tidsskriftet. Ei nærmare skildring av mannen burde difor vere unødvendig. No har han også kome med ei ny sakprosabok: En halvfull forsamling. Førti års skjev gange gjennom norsk språkpolitikk. Boka gjev eit leseverdig oversyn over språkkamp og språkrørsle gjennom dei siste førti åra – alt sett med blikket til ein riksmålsmann. Eg skriv rørsle, for boka dekker Vernegg sitt engasjement for riksmålet i vidaste forstand – frå tida som ung redaksjonssekretær i Frisprog ein gong på 80-talet, som rebell og aksjonist (ja, han kallar seg det), til i dag, som formann i Riksmålsforbundet sidan 1990.
Ei bokmålets og riksmålets bjølleku, altså.
Trond Vernegg står midt i riksmålssmørauget, så å seie, med bindingar og personlege forhold til det og dei han skriv om. Det byr sjølvsagt på utfordringar – til dømes faren for pompøst sjølvskryt. Men nærheit til materialet er også nærheit til kjeldene og historiene, til kulturelle kodar og skjulte strukturar som det kan vere vanskeleg for utanforståande å få auge på.
Er det så ei skrytebok, dette? Både ja og nei. En halvfull forsamling er eit personleg portrett av ein organisasjon og eit miljø som har prega forfattaren gjennom 40 år, og som han sjølv har vore med på å forme. Boka er inga festtale eller minneskrift over ei kjær fortid. Vernegg skjønnmålar ikkje, men tek for seg rørsla på godt og vondt, om enn på ein venleg måte, fylt med mykje humor og sjølvironi: Han fortel om kampar og usemje, om dårleg økonomi og organisatoriske ukulturar – men òg om språkleg glede, sterke møte og ei urokkeleg tru på eit livskraftig riksmål.
Apropos sterke møte. Vernegg har gjennom åra møtt (og blitt utsett for) markante føregangskvinner og -menn i riksmålsrørsla, menneske som på kvar sine måtar har sett sitt stempel på språkarbeidet. Skipsreiardottera Sofie Helene Wigert, initiativtakar til Foreldreaksjonen mot samnorsk og redaktør av avisa Frisprog, blir vigd mykje merksemd. Wigert påverka rørsla stort då ho var aktiv, nærmast som ei uføreseieleg herskarinne: «Ingen visste når sjefredaktøren fant det for godt å innfinne seg. Tornadoen stormet uanmeldt inn», skriv Vernegg. Saman med mannen Knut var ho tonegjevande i riksmålsrørsla. «De fikk til ting, var handlingens og ikke utredningenes mennesker. Det skapte støy og uvenner. Men la gå, det var – og er – altfor få mennesker av det kaliberet». Skriv Vernegg.
Også andre aksjonistar og lagsarbeidarar blir omtala: Tor Guttu, Margrethe Ruthol, Gerd Kjærnet, Inger Riis-Johannessen og Lars Roar Langslet, for å nemne nokre.
I 1990 vart Vernegg formann i Riksmålsforbundet. Kanskje var dei eldste uroa over framtida for organisasjonen? Ein ung rebell som formann? Fortida var ikkje lett å kvitte seg med. Ikkje eingong for Vernegg. Kanskje ville han det heller ikkje? «Alt som var tradisjonsrikt, konservativt eller endog gammelmodig, fenget meg.»
Det var noko gamalmannsaktig over riksmålsrørsla, forstår eg, som ein nedlagd stasjon, ein organisasjon for dei tapte sakene, til dømes enkeltorda og alle dei som tviheld på steinalderformene «nu» og «efter». «Mye av det vi foretok oss og fikk til, var ren mimren. Vi henfalt til å glemme nåtid og fremtid», skriv Vernegg.
Frå 2010-talet starta arbeidet med å forynge og fornye forbundet. Og å opne det. Nye saker med politisk relevans måtte opp og fram. Språkprisane vart lagde om. Nye saker vart sette på dagsordenen, til dømes moms på massemedium og styrking av skulebiblioteka – i tillegg til at leiinga deltok aktivt i det offentlege ordskiftet.
Riksmålsforbundet i 2020 er ikkje som Riksmålsforbundet i 1980. Arbeidsoppgåvene har endra seg, men også kulturen og veremåtane, medlemmene og blikket. Difor er boka eit viktig korrektiv til forteljingane om riksmålsrørsla i dag, sjølv om stereotypiane om rørsla enno er levande. Dei har det med å overleve dei fleste og det meste – også tida. Stereotypiane er ikkje sjeldan slitsamt for han og ho som står midt i dei – og som må stå til rette for dei røyndomsfjerne forteljingane. «Vi er ikke et forbund for enkeltord, men for språket i enhver forsamling.»
Å arbeide med språk er som ein evig og personleg kontrakt, noko som heng ved oss til vi ikkje er meir. Grunnane til at vi engasjerer oss, varierer. For nokre var det ein kamp. Og mykje alvor. For Vernegg handlar det om språkleg glede.
Eg skal ikkje seie at nynorskbrukarane manglar språkleg glede i arbeidet for nynorsken, men kanskje er det lettare å kjenne på ei glede når ein ikkje er truga? Språk er identitet og kulturarv, slik det også er eit spørsmål om eksistens, om å vere til eller ikkje. Eksistensgrunnlaget for riksmålet har aldri vore truga slik det var og framleis er for nynorsken. Kvifor reflekterer ikkje Vernegg meir over dette? Vernegg likar nynorsk, skriv han diplomatisk, og manar til samarbeid. «Man bør løfte frem det som forener, ikke det som skiller» – og slik unngår han å ta inn over seg den krevjande mindretalsposisjonen som nynorsken står i, og let vere å nemne at balansen mellom majoritetsspråket bokmål og dei andre språka i landet er skeiv. Det verkar naivt når Vernegg skriv at «ditt språk er like mye verdt som mitt språk, mitt språk er like mye verdt som ditt språk». Ingen er usamde i ei slik utsegn, men i motsetnad til majoritetsspråk treng minoritetsspråk vern og oppfølging. Ser Vernegg det?
Om Vernegg unngår å problematisere dei språklege utfordringane språka imellom, peikar han i staden ut i verda. Norsk språk i ei globalisert tid. Den språklege kampen – slik vi er blitt kjende med han – dreier seg ikkje berre om ja eller nei til sidemål eller avleggse former som ingen lenger brukar, skriv han. Dagens språkkamp handlar om å sikre norsk språk i møte med engelsk og andre framandspråk – innanfor alle samfunnsområde: i helsesektoren, i byggebransjen, på universiteta og i landbruket. Språkkamp i dag er ingen nerdekamp mellom språkorganisasjonane eller for staten åleine, men eit ansvar kvar einskild har. Er norsk viktig (nok) for deg?
Har så Riksmålsforbundet betydd noko som helst for utviklinga av norsk språk? Spørsmålet er hypotetisk. Mest truleg ville vel riksmålet og bokmålet stått der det står i dag – uavhengig av forbund, Wigert, Vernegg og dei andre. «Det berre vart slik», brukte bestemor å seie. Kanskje kan vi seie det same om utviklinga av det norske språket også? Kulturelle og språklege prosessar er som mektige straumar under yta, eller som nordavinden ein haustdag. Vi ser dei ikkje, det er lite vi kan gjere for å stoppe dei.
Er dette ei bok som interesserer fleire enn den tilårskomne riksmålsbrukar? En halvfull forsamling er historia om organisasjonsliv og kampvilje, om eldsjeler og enkeltpersonar. Men mest av alt er boka eit viktig bidrag til forteljinga om det frivillige Noreg, om det språklege Noreg, ja, om korleis Noreg vart ein kulturnasjon. Ei slik forteljing bør engasjere langt fleire enn folka i avkrokane i riksmålsrørsla.
Boken er til salgs i Riksmålsforbundets nettbutikk.
Denne artikkelen ble først publisert i Riksmålsforbundets tidsskrift Ordet, nr. 4 2020.