«Eg elskar god nynorsk og godt bokmål, fordi det gjer oss smartare, men ser at sidemålsordninga fungerer dårleg,» skriver lektor Helge Kyvik i en debatt i Utdanningsnytt om sidemålsopplæringen. Her kan du lese hans første innlegg som satte i gang debatten.
Elevane skal framleis ha karakter i sidemål, og skriv sidemålsstil. For mange er det ei lei oppleving kvar gong. Dei klarer seg greitt på hovudmålet, men havarerer på sidemålet, trass i ein straum av råd og instruksjonar frå læraren, og lesing på alle pluggar.
Sjølv greie oppgåvesvar fell igjennom. Grunnen: Sidemålet blir ståande i vegen for innhaldet. Verst plar det vere når sidemålet er nynorsk. Never use it, veit du, som ein skjemtegauk uttrykte det, to the point! Såleis ber det for mange sin del rett vest, igjen og igjen.
Det er sjølvsagt ikkje lett å navigere i eit virvar av tillatne ord og former, og eit virvar av ord og former som var tillatne for åtte år sidan, men ikkje i dag. Det blir ei røre av nynorsk og bokmål, ein eventyrleg samnorsk, umogeleg for den arme læraren å skjøne (eller var det umogelig, umogleg, umoglig, umuleg, umulig?).
Elevane har mange fag å arbeide med, så dei burde ikkje tutle med sidemål i tillegg. Følgjene er forvirring og mismot, og dette er sjølvsagt leit for unge menneske som treng å lykkast med skrivinga. Og utriveleg for alle som rettar. Det krev faktisk ein betydeleg arbeidsinnsats å lære å skrive eit brukbart sidemål i løpet av vidaregåande. Kan hende sju prosent (to i kvar klasse) maktar det.
Språket er eit instrument for tanken. Sidemålet er eit instrument for å drepe skrivegleda hos elevane. Denne tilleggsbyrda i norskfaget ville vore utenkjeleg i alle andre fag: «No skal vi ha om organisk kjemi, men denne gongen, hugs, på totenmål!» For ti år sidan blei det gjort ei ubetydeleg endring for å sminke opp ordninga, sidemål blei trekkfag ved eksamen. No er det på tide å rydde opp, og la sidemål bli valfritt for dei interesserte.
Helge Kyvik
Lektor, Haugesund
(Foto forsiden: Dreamstime)